Personvern
Ditt personvern er viktig for oss. For å betre beskytte ditt personvern, forklarer desse retningslinjene om kva informasjon vi samlar inn og korleis vi bruker denne. Ei lenkje til denne teksten skal vera tilgjengeleg på alle undersider av denne nettstaden.
- Når du publiserer innhald på denne nettstaden, t.d. kommentarar, vil du som regel måtte oppgi namn og e-postadresse. Ditt namn (eller brukarnamn, kallenamn eller pseudonym) vil sjølvsagt som regel bli publisert saman med innhaldet. Di e-postadresse vil derimot aldri bli publisert eller på annan måte vidareformidla til tredjepartar, og vi kjem heller ikkje til å bruke denne til å sende deg spam.
- Som dei fleste andre nettstadar bruker vi loggfiler. Informasjonen i loggfilene inkluderer IP-adresser, nettlesartype, ISP, tidspunkt, refererande sider m.m. Denne informasjonen brukast kun til statistikk, og er ikke personlig identifiserbar.
- Vi registrerer di IP-adresse dersom du publiserer teikneseriar, blogginnlegg, kommentarar eller annan informasjon på nettstaden. IP-adresser vil ikkje bli gjort tilgjengelege for andre brukarar, men vi tillet oss å blokkere IP-adresser ved grove regelbrot. Ved grove lovbrot kan IP-adresser og annan kontaktinformasjon bli vidareformidla til politiet.
- Det seier seg kanskje sjølv, men: Dersom du kryssar av i ein boks merka «Hugs meg til neste gong» eller noko sånt, vil denne informasjonen bli lagra i cookies.
- Vi bruker tredjepartsannonseringsselskap til å vise annonser på Nettserier.no. Det kan hende at desse selskapa bruker informasjon (som ikkje inkluderer namn, adresse, e-postadresse eller telefonnummer) om dine besøk på denne og andre nettstadar for å kunne levere annonsar om varar og tenester som kan vera interessante for deg.
- Google bruker informasjonskapselen for DART for å vise annonser til brukarar basert på dine besøk både her og andre stadar på Internett. Dersom du ønskjer meir informasjon om dette, eller du ønskjer å reservere deg mot bruk av DART-informasjonsskapselen, klikk her.
- Vi gjer merksame på at vi bruker eksterne skript og leverandørar enkelte stadar på desse sidene, og at det kan forekome at desse bruker cookies.

